Årsmøte 3.2.2011
Kort referat frå årsmøtet
Årsmøtet i STK vart avvikla i klubbhuset 3.2 kl 1900-2045. 8 medlemer møtte, først og fremst frå det sitjande og påtroppande styret i klubben.
Inge fungerte som møteleiar, og etter nokre minneord om Jan Fjellbirkeland tok møtet til med årsmeldinga, som vart lesen av Luis. Av innhaldet kan nemnast;
- hallsaka, som framleis står på vent
- medlemstalet, som ved årsskiftet var 41, i ulike kategoriar
- kursverksemda, som har vore kraftig redusert etter sommaren, grunna trenarmangel
- divisjonstennisen, der STK endte som 5. av 6 lag i Vestlandsserien
- Stordmeisterskapen, som ikkje var ferdigspela
- Bruken av timane i Rackethallen, som me mista frå årsskiftet
- medlemskontingenten, som vert uendra for 2011
- husleiga som Vikahaugen Barnehage betaler er auka til kr 6 tusen/månad - ny avtale er inngått
Med nokre kommentarar vart årsmeldinga godkjent.
......................................................................................................................
Rekneskapen syner positive tal, i overskot og eigenkapital. God økonomistyring!
......................................................................................................................
Luis held fram som leiar og Bjarte som nestleiar. Det same gjeld Ron som kasserar og Hans S som websideansvarleg. Så kjem Holger Iversen, Eirik Spjeld og Jørg Halwe inn som nye styremedlemer. Me ønskjer dei spesielt velkomne!
Bjørn fungerer som revisor, Inge som arkivar og som valnemnd fungerer Cecilie og Natalia.
Hans Simon
referent
