Årsmøte STK
Kort referat frå årsmøtet i STK torsdag 11.mars 2010
Årsmøtet i STK vart avvikla i klubbhuset 11.3, med 7 medlemer til stades.
Innkallinga vart godkjent og Hans S vart utnemnd til møteleiar. Ron la fram rekneskapen, som syner eit mindre overskot. Rekneskapen er ikkje revidert då Jan Fjellbirkeland trekte seg som revisor før årsmøtet. Styret vil be Cecilie Stokken gå gjennom og revidera rekneskapen.
Årsmeldinga vart lesen og godkjent, med små endringar.
Så blei Inge Moe utnemnd til æresmedlem og fekk overrekt ein fin plakett av Luis. Dette pga av Inge sin "livslange" innsats for klubben i mange kapasitetar. Ein journalist frå Bladet Sunnhordland var til stades, tok bilete og skreiv om hendinga.
Deretter vart det vedteke ein mindre auke i kontingenten for 2010. Barn, skuleelevar og pensjonistar skal no betala kr 400, vaksne kr 800 og familiar kr 1100.
Styret held fram stort sett som før, med Luis som leiar, Bjarte som nestleiar, Ron som kasserar og Hans S som webansvarleg. Kristoffer og Rune held fram i styret, medan Natalia gjer seg som ungdomskontakt. Me vil satsa på å få Cecilie inn som ny revisor. Inge held fram som arkivar. Bjørn og Cecilie har utgjort valnemnda, i og med at dei gjekk ut av styret i fjor.
Kristoffer og Bjarte orienterte om situasjonen vedr. hallprosjektet. Snart må ein delegasjon ta turen til Polen for å sjå på og skaffa info om den halløysinga som me satsar mest på.
Referent: Hans Simon
