Personal tools
You are here: Home Årsmøte STK 17.3.09 - kort referat
Navigation


Sponsorer

Denne plassen er ledig for ditt firma. Profileringsmuligheter på nettsidene og baneanlegg. Ta kontakt for mer info.

 
Document Actions

Årsmøte STK 17.3.09 - kort referat

by Hans Simon Dahle last modified 2012-03-08 15:36

Her finn du eit kort referat frå årsmøtet i klubben 17.3.09

På årsmøtet var 9 medlemer til stades. Årsmeldinga vart lesen opp, kommentert og godkjend. Den store saka har vore - og er - boblehallen, og her har det vore positiv og mindre positiv utvikling det siste året. Me har fått såkalla rammeløyve(sjå eiga sak), og prosjektet er teknisk godkjend av kommunen. Men me manglar framleis ein samarbeidsavtale med Sportssenteret om drift, og endelig finansieringsplan.

Medlemstalet har auka monaleg i 2008, spesielt blant dei unge. Det er gledeleg, men aktualiserer endå sterkare trongen for ei god halløysing, slik at tilbodet til nye og gamle medlemer kan bli betre, på heilårsbasis.

Sportsleg har aktiviteten vore god, særleg blant dei mest aktive. Bjarte Skimmeland vart stordmeister i A-klassen, og sonen Petter i både B- og juniorklassen. Me har stilt lag i divisjonstennisen(3.div), og hevda oss bra. Samarbeidet med Haugesund tennisklubb fører også til mykje sportsleg aktivitet med turneringar og klubbkampar.

Rekneskapen syner positive tal, betre enn for 2007.

Kontingenten for 2009 vert halden uendra. Når hallen er på plass vil me komma attende til storleiken på kontingenten.

Til valet hadde me eit problem som blei løyst på ein god måte; Bjørn Stokken hadde trekt seg som leiar, utan at ny kandidat var på plass, men etter litt påtrykk sa Luis Soto seg viljug til å gå på som ny leiar. Ny i styret er Ove Sagenes. Elles held dei andre medlemene fram.

Referatet var skriven av Inge Moe, og kortversjonen(her), av Hans S.


collect comics

Powered by Plone CMS, the Open Source Content Management System

This site conforms to the following standards: