Godt tilskot til ny tennishall - løyving frå Spb Vest
Kr 200 000 til ny tennishall!
Me har fått gledelig melding om tildeling av kr 200 tusen til "allmennnyttige føremål" frå Sparebanken Vest, gjeldande i eitt år. Me hadde budsjettert med 300 tusen, men uansett er dette veldig bra. Det ligg inne søknader til fleire lokale bedrifter om tilskot og me har grunn til å tru at det vil gje fleire midlar etter kvart. Ytterlegare finansiering må nok ordnast, i tillegg.
Elles er det nokre tekniske forhold ved hallprosjektet som må avklarast, m.a. tilstrekkeleg støy- og brannsikring. Sportssenteret må påta seg å stå for drift og ymsande vedlikehald, og me kontaktar dei om dette snarast.
Når desse tinga er på plass vonar me at kommunen kjem på bana for alvor og gjev grønt lys for prosjektet vårt. Skal me tru utpå sommaren eller tidleg på hausten?
Styret v/Hans Simon
