Hallsaka går framover - med små steg
Slik saka vår står no, tidleg på hausten
I styremøte 21.8 tok me opp nye moment som er komne til i løpet av sommaren. Det branntekniske skulle no vera i orden, og frå Stord Idrettspark har me fått overslag/kalkyle på driftskostnader for hallen. Vår vurdering er at denne rekneskapen vil gå i noko nær balanse, altså ikkje føra til ekstra utgifter for Idrettsparken alt i alt. Ein føresetnad er at me kan bruka fjernvarme frå Stord ungdomsskule, og framføring av denne vil sjølvsagt kosta ein del men er ein eingongsinvestering. No må me i konstruktiv dialog med kommunen, som sit med første og siste ord i saker som denne.
Me har løyving frå SpV i boks(kr 200 tusen), me reknar med minst kr 400 tusen frå kommunen, og me vonar på sponsormidlar frå Notar og Leirvik Sveis. Andre sponsorar kan me neppe rekna med slik det ser ut. Då treng me minst 200 tusen til, og eit framlegg er at medlemer kan verta inviterte til å teikna andel på t.d. 10 tusen kvar. Då har me truleg 100 tusen, kanskje meir.
Når det gjeld innandørstimar må me bruka tysdags- og fredagstimane til kursing, medan måndagstimane kan gå til trening/spel for dei aktive.
Styret
