Personal tools
You are here: Home Hallsaka står i stampe. Det er ikkje lett i desse budsjettider..
Navigation


Sponsorer

Denne plassen er ledig for ditt firma. Profileringsmuligheter på nettsidene og baneanlegg. Ta kontakt for mer info.

 
Document Actions

Hallsaka står i stampe. Det er ikkje lett i desse budsjettider..

by Hans Simon Dahle last modified 2011-07-06 09:07

Det har vore liten framgang i hallsaka, trass i møte, kontaktar og dokumentasjon.

I styremøte 23.oktober gjekk leiaren vår, Bjørn Stokken, gjennom det som har skjedd sidan sist saka var oppe. Kontakt og møte med Sportssenteret har gjeve lite og inkje av positive resultat. Det er liten vilje til å engasjera krefter for "vår" sak, som også burde ha vore ei felles sak for idretten i Stord. Økonomien ser ut til å vera det største hinderet, sjølv om visse tekniske forhold også har vore diskutert. Me meiner at alle tilhøve burde liggja godt til rette, men hovudaktøren som er og blir Stord kommune må komma på bana og seia JA til prosjektet; då vil andre bidragsytarar komma ned frå gjerdet, t.d. med pengestøtte/sponsormidlar.

Me gjer IKKJE opp! Hallen må og skal reisast, om det enno skal ta tid. Men for kvar dag, veke og månad som går vil det bli vanskelegare og det er fare for at fleire entusiastar kan "brenna ut". Då kan me gje opp - for godt?

Styret


collect comics

Powered by Plone CMS, the Open Source Content Management System

This site conforms to the following standards: