Klart for spel!
God dugnadsinnsats 21.april.
Etter dugnad laurdag 21.april, der mange medlemer(om lag 15 i alt), i ulik alder møtte fram og gjorde ein god innsats er anlegget no klart for spel.
Banane vart spylte, boss vart plukka og fjerna, og skiljenettet kom på plass.
Låskoden vert skifta rundt 1.mai(sjå oppslag på oppslagstavla/døra).
Då ønskjer me alle medlemer ein god vår- og sommarsesong og mykje kjekt spel på banane våre.
Styret
