Nytt frå styret
Styremøte 2.mai. Mest om hallsaka.
I styremøte 2.mai la Bjarte Skimmeland på vegner av arbeidsgruppa fram rapport om arbeidet så langt. Me har møtt velvilje frå kommunen når det gjeld hallplanar, kostnadsramme og finansiering. Gruppa er optimistisk med tanke på å få realisert prosjektet, og dersom alle gode krefter kan trekkja i same retningen skal me få det til.
I møtet vart det diskutert kva inntekter klubben kan få om me lukkast, og me er samde om at potensialet for medlemsauke er stort - dobling av medlemstalet minst - og med eit godt tilbod om heilårstennis for medlemer og baneutleige til firma o.a. kan me auka inntektene monaleg.
Får me med oss Sportssenteret/kommunen om drift og vedlikehald vil det ha mykje å seia.
Elles er låsen no skifta og dei som vil spela må betala kontingenten og få låskort utlevert hos Motorsyklisten på Heiane(Bjørn Stokken).
Me kjem attende til evt. sportslege hendingar/arrangement etter kvart.
Styret
