Nytt fra styret 3.4.2007
God påske 2007 til alle tennisentusiastar!
I styremøte 2.4 vart det sett ned eit utval som skal arbeida vidare med halløysing for anlegget vårt. I denne arbeidsgruppa deltar Rune Bekkevold, Bjarte Skimmeland og Holm Erik Johnsen(styret). Dei skal sjå på ulike tekniske løysingar(type hall/overbygg), driftsspørsmål, økonomi, og samarbeid med andre aktørar(m.a. Sportssenteret), og offentlige etatar(Stord kommune). Elles har dei relativt "fritt mandat" i dette arbeidet.
I neste styremøte 2.mai legg dei fram førebels rapport/innstilling. Dette vert spennande! Skal me endeleg få realisert ein gammal draum om eit heilårs anlegg berre for tennis(Rackethallen har alltid vore ei delløysing, med avgrensa speletid, berre ein bane, osb.)?
Anlegget er delvis opent allereide(netta er på plass). Dugnad vil føregå i rykk og napp frametter, og alt skal vera klart rundt midten av april.
Låsen vert skifta rundt 1.mai. Då vil betalande medlemer få utlevert nøkkelkort hos Motorcyklisten(Bjørn Stokken).Styret
