Nytt frå styret i november
Hallsaka m.m.
I styremøte 20.november blei hallsaka gjennomgått slik ho står no. Søknad om oppsetjing av boblehall har vore til handsaming i kommunen i snart 2 månader, og me ventar spent på svar, som bør/må komma før jul. Mange er utolmodige og meiner det kunne ha gått raskare, men kverna går ikkje så fort det kommunale byråkratiet. Me meiner at saka vår er god og er optimistiske med tanke på å få positivt svar, slik at dette prosjektet, som er SÅ VIKTIG for tennissporten på Stord, kan bli realisert.
Det vart og drøfta korleis me skal marknadsføra tennisen i høve til lokalmiljø og bedrifter den dagen hallen står klar til bruk.
Elles er timane våre i Rackethallen godt utnytta til kurs og trening, men me er ikkje helt nøgde med timane i helgene/timar som fell bort/timar me bør få til erstatning når andre arrangement kjem i vegen.
Me vil prøva å få til trening/spel for "elitespelarane" i klubben i Rackethallen ut på nyåret.
Julecupen vil bli forsøkt gjennomført etter vanleg lest, over to dagar. Det vert doublespel, kanskje på to nivå, avhengig av påmelding/interesse.
Styret
