Banereglement
Banereglement Stord Tennisklubb
1.- Teikning av timer skjer i oppslagstavla ved inngangsdøra til banane.
2.- Berre dei som skal spela har tilgong til banane, om ikkje anna er ønskjeleg.
3.- For begge banane og området omkring gjeld det å halda best mogleg orden. Bruk bosskorgene til tomflasker, papir o.l. Ingenting skal liggja igjen etter deg.
4.- Røyking er forbode på banane. Sneipar, tyggegummi o.l. skal ikkje grisa til korkje banar eller området omkring.
5.- Hugs å låsa hovuddøra til banane når du går, jamvel om andre skal ha time etter deg.
6.- Alle medlemmer gjer sitt til for å halda heile anlegget i finast mogleg stand. ALLE FORLET BANEN I SLIK STAND SOM DEI ØNSKJER HAN SKAL VERA I NÅR EIN KJEM FOR Å SPELA.
7.- Inngangsdøra til banane skal alltid vera låst når banane ikkje er i bruk.
8.- Kvar medlem får dørkort til hovuddøra hos Motorsyklisten på Heiane V/ Bjørn Stokken.
9.- Berre tennissko/joggsko utan knottar, riller, skarpe helar o.l skal nyttast på banane. Sko med mørke solar som fargar av må heller ikkje nyttast.
10.- Berre medlemmer av STK, har høve til å spela på banane. For feriegjester o.l. gjeld eiga ordning som skal drøftas med styret/leiar. Skulane kan nytta banane i skuletida under ansvar av lærar og etter dei reglane som er nemnda i pkt. 3,4,6,7 og 9.
11.- Lista for teikning av timar vert hengt opp seinast laurdag ettermiddag før ny speleveka tek til.
12.- To medlemmer kan teikna seg for ein time om gongen , uansett bane. Etter ferdigspela time kan ny time teiknast. To tydelege namn skal stå i kvar rute. Dobbeltime kan teiknast av 4 medlemmer som spelar double.
13.- Barn/ungdom spelar mest mogleg om føremiddagen i ferien.