Referat fra Årsmøte den 26.02.08
ÅRSMØTE STORD TENNIS KLUBB 2008
Referat
Årsmelding: Prosjekt boblehall.
Finansiering til boblehall er no godkjend. Firmaet som set opp boblehallen er J.Tufteland A/S.
Det kan bli støy ifra aggregatet som kan forstyrre naboar rundt i området, dette kan ordnast ved at det blir bygga eit uthus/isoleringsrom som demper støy.
Konklusjon: Siden fleire og fleire er med i tennis har tennismiljøet på stord blitt større, og dette kan påvirke endelig svar på boblehall. Det kan bli holdt fleire aktivitetsdager og oppmuntring til tennis.
Medlemskontingent kan bli dyrare, men tennisspelara får meir speling/trening
Det blir sagt på årsmøtet at prisane på medlemskontingent kjem til å bli dyrare, men kvar spelar får meir speling sidan boblehallen berre blir nytta til tennis.
Det blir vanskelig for klubben å komme med ein endeleg sum på kontingent, siden klubben ikkje veit kva det blir angåande boblehall.
Andre tennisklubber i landet har blandt anna medlemsabonnement, som kostar 6000kr i året, (Narvik).
Forslag som klubben vår kan ha:
Familiemedlemskap/kontigent blir mulighens kutta ut med tanke på at det er lite behov for det.
Medlemskap blir delt inn slik:
3000,- vaksne A-aktiv
1500,- vaksen nr.2 (Ektefelle, samboer..)
500,- vaksne B. (100,- per time)
400,- ungdom/barn. Desse kan spela gratis på ledige baner.
Klubben kan prøve ut denne ordninga, og det blir prioritert for dei som er A og B vaksne, og medlemmar.
Dersom det ikkje er ledig/ein ikkje har sett seg opp på lista, og speler, blir det 100 kroner i timen.
(Om det er 2 eller fleire på ein bane, så lenge klubben mottar 100 kr i timen).
Uansett er dette alternativet billig i forhold til mange tennisklubber i Norge.
Brannsikring
Klubben har ikkje fått eit formel svar ifra kommunen angåande boblehall, men siste saken om hallen var munnleg samtale om brann og brannikring. Boblehallen er ikkje brennbar.
Boblehallen
Hallen kjem til å bestå av skyvedør/slusedør. Nødutgang. Lysene blir små, men jevnt fordelt slik at det blir lettare å unngå skyggesoner.
Hallen har som sagt eit aggregat som klubben kjem til å bygge uthus rundt/isoleringsrom slik at støy blir dempa.
Heile prosjektet kan ta nåken dagar, ei helg, så det er fort gjort!
Valnemnd/Val
Leiar for klubben: Bjørn Stokken
Nestleiar ynskjer seg ut av styret, (Øyvind Viste) og ny nestleiar blir Bjarte Skimmeland.
Sportsjef: Luis Soto
Styremedlem: Holm Eirik Johnsen.
Arkivar: Inge Moe
Revisor: Jan Fjell Birkeland.
Valnemnd: Ståle Halleråker, Steinar Hystad
Det er blitt foretatt ein liten diskusjon om det kan bli lurt å ha ein ungdomskontakt for tennisspelarar, ein utvidelse av styret. Forslaget blei godkjent og Natalia Soto blir ungdomskontakt for tennisspelarar.
Innsatspokalen går fra Natalia Soto til Petter Skimmeland. Gratulera!
ROS TIL KASSERER, Cecilie D. Stokken. Ryddig og oversiktleg regnskap!
