Styremøte 29.7.09 - kort referat
Styremøte 29.7 kl 19-21
Til stades var Bjarte, Hans Simon, Luis, Ron og Rune. Inge var også innom.
Hallsaka står i stampe. Me har fått avslag på søknad om spelemidlar, men Inge vil undersøkja om me har søkt rett instans. Me må også vita om Sparebanken framleis held oppe løyvinga frå i fjor på kr 200 tusen. Bjarte vil gå for ei ny løysing med ein enkel hall over ein bane, som kan koplast til liknande hall over den andre banen seinare. Dette vert billigare og me kan komma raskt i gang.
Husleiga barnehagen betaler må reviderast/aukast i tråd med konsumprisane. Leiga har vore uendra sidan 2006. Me må få til eit møte med barnehagen og få til ny leige/nye vilkår.
Stordmeisterskapen 2009 står for døra. Ron og Rune er turneringsansvarlege.
Kurs i haust/til vinteren. Me har timane våre i Rackethallen med nokre endringar. Har me trenarar? Kva for målgruppe bør få tilbod?
Ymse. Ron Skjønberg tek over som kasserar og får alle fullmakter som heng saman med funksjonen.
Det vert nytt styremøte om ca ei veke. Luis kallar inn.
