Styremøte 18.8.2011
Kort referat
Desse møtte: Luis, Hans Simon, Eirik og Holger.
Saker:
a) Holger orienterte om stoda i hallsaka. Vanskeleg å få nokon lokal entreprenør til å stå som ansvarleg for prosjektet. Varierande erfaring med polske firma ligg bak. Kanskje kan me få godkjent polakkane som ansvarlege? Holger og Holm Erik undersøker.
b) Kursverksemda. Vanskeleg å tilby kurs pga mangel på hall. Me kan leiga andre fasilitetar, men pris og kvalitet avgjer. Når det gjeld tennisens dag kan det bli ein laurdag i haust(ute), eller kanskje når/om me får hallen klar snart.
c) Erik fortel at eine finalisten til SM er klar(Roger), medan Kristoffer og Ron må spela om den andre finaleplassen snarast.
d) Barnevernet i Haugesund har bede om å få låna/leiga klubbhuset ein dag i veka i september/oktober. Det er me positive til, og me krev ikkje leige for det.
e) Framlegg frå Luis om markering/samling for styret når ein medlem av styret fyller år, ute "på byd'n"? Det kan me gjera, gjerne i etterkant av styremøte.
Neste styremøte i midten av september. Luis finn passande dato.
Ref. Hans Simon
