Styremøte 26.10.2011
Kort referat
Onsdag 26.oktober kl 1800-1900, i klubbhuset
Til stades: Eirik, Hans Simon, Holger, Luis og Ron
Saker:
- Finale SM SKAL spelast laurdag 5.11 i Rackethallen. Dersom ein eller begge finalistane ikkje møter går finalen mellom den av dei som møter og Luis(tapande semifinalist), eller mellom Luis og Ron(tapande semifinalistar). Eirik gjev melding til dei finalekvalifiserte om dette.
- Nettet på banane skal ned før vinteren, snarast.
- Aktivitetsleiarkurs; ingen frå oss no, men kanskje til vinteren
- Hallprosjektet v/Holger: Engelsen har levert tilbod om grunnarbeid - ser greitt ut. Søknad om godkjenning som lokalt ansvarleg må sendast av det polske firmaet - skjema er sendt. Skal vera ein formalitet.
- Økonomi/rekneskap; solid øknomi i klubben pr dato. Me kan rekna med god medlemsvokster når hallen er på plass, og til heilt andre kontingentar enn no. Me treng om lag 4 hundre tusen i lån for å fullfinansiera hallen og søkjer om banklån til det.
- Nettsida vår er eit stort problem pga tekniske vanskar med å bruka ho for redaktøren. Noko må gjerast! Kva då?
- Julebord - me prøver å få det til 8.12. Stad er ikkje heilt bestemt. Styret pluss nokre "utvalde" vert invitert.
Referent:
Hans Simon
