Personal tools
You are here: Home Styremøte 27.6.2011
Navigation


Sponsorer

Denne plassen er ledig for ditt firma. Profileringsmuligheter på nettsidene og baneanlegg. Ta kontakt for mer info.

 
Document Actions

Styremøte 27.6.2011

by Hans Simon Dahle last modified 2011-07-03 18:30

Kort referat - NB: Denne gong ved Eirik Spjeld

Referat styremøte 27.06.2011

Deltakarar: Luis Soto, Holger Iversen, Ron Skjønberg, Eirik Strømme Spjeld, Bjarte Skimmeland.

  • Sak 1: Info om hallen Dokumentasjon er no i orden. Tufteland må få fasadeteikning på mail. Holm Erik køyrer dialog om grunnarbeidet med Engelsen entreprenør. Me vil ha timebasert arbeid. Engelsen må stå som prosjekterande, dette vil ikkje Tufteland grunna dårlege røynsler med austeuropeiske firma. Det er litt spørjeteikn rundt styrken på taket på hallen, her ventar me på respons frå polakkane. Elles vanlege spørjeteikn rundt dette med snø på taket av hallen osv..
  • Sak 2: Tennisskule og open dag. Vert ståande som eit spørjeteikn. Bjarte Skimmeland kom med fornuftig forslag om å køyra det som opning av hallen når me får den opp. Dette fekk brei støtte frå panelet.
  • Sak 3: Stordmeisterskapen 2011 Me er i gong, og reknar med at me klarar fullføre turneringa dette året. Håpar å starte ei stigeturnering når hallen kjem. Elles ynskjer turneringsleiinga med Eirik Strømme Spjeld og Atle Irgens å ha ei helg i august der me prøver køyre i gong noko i B-klassen. Kanskje og ei doubleturnering, alt er sjølvsagt vêravhengig.
  • Sak 4: Ymse Medlemskap: Me må konkretisera kontingenten meir. "Student" må vekk frå infoskriva, dette fører til at vaksne folk betaler 400 i kontingent. Me går no over på to ulike medlemskap. Juniormedlemskap kostar 400. Vaksne, alle over 18 år skal betale 800. Luis har hatt møte med Inge Moe, Atle Irgens og Sylve Rusten om timane i Rackethallen. Lite konstruktivt. Stord idrettspark vil ha 4000 kr i månaden av oss for nokre timar i veka i Rackethallen. Me konkluderte kjapt med at dette er totalt uaktuelt. No ser me fram til å få opp hallen, så me kan byrja med kursing og liknande i eigna lokaler.

collect comics

Powered by Plone CMS, the Open Source Content Management System

This site conforms to the following standards: