Styremøte 29.9.2011
Kort referat
Torsdag 29.september kl 1830 vart styremøtet lagt til Frugård, der desse møtte; Luis, Bjarte, Eirik, Holger, Jørg og Hans Simon.
Saker:
1. Holger gjorde greie for stoda i hallsaka. No er det klart at det polske firmaet er godkjent som ansvarleg utførande i Noreg, etter EØS-reglane. Tufteland skal syta for ny/endra søknad om oppsetjing av hall, og Engelsen skal vera viljug til å ta naudsynt grunnararbeid, før polakkane kan komma og setja opp hallen, noko me håpar kan skje ut på hausten, om alt går bra.
2. Tennis i skulen. Jørg orienterte om det som er gjort på Hystad skule. Jørg og Eirik vert bedne om å gå trenarkurs til våren, om det lagar seg slik.
3. Eirik prøver så godt han kan å få dei to finalistane til å spela finalen i SM snarast, helst her på Stord. Bergen er eit alternativ om det ikkje går.
4. Luis fortalde om visse skader på klubbhuset, som barnehagen skal ordna med.
Referent: Hans Simon
