Personal tools
You are here: Home Styremøte 6.august
Navigation


Sponsorer

Denne plassen er ledig for ditt firma. Profileringsmuligheter på nettsidene og baneanlegg. Ta kontakt for mer info.

 
Document Actions

Styremøte 6.august

by Hans Simon Dahle last modified 2010-08-08 18:46

Kort referat

Fredag 6.8 var det eit kort styremøte, der berre Hans Simon, Luis og Ron var til stades. Dei andre hadde ulike grunnar til forfall.

Saker:

1. Websida er oppe att. Klubben er ikkje heilt nøgd med funksjonaliteten og vil sjå seg om etter ei betre løysing.

2. Etter dei siste innbetalingane har me no i overkant av 50 medlemer. Talet tek omsyn til at familiekontingenten kan innehalda 4 personar. Dette er ein liten auke i forhold til fjorårets medlemstal.

3. Husleiga barnehagen betalar vil frå august bli oppjustert i høve til konsumprisindeksen, og kostnad for kommunale avgifter vil bli lagt til, slik ein vart samde om på møte med barnehagen i mai. Leiga vil då bli ca kr 6 tusen pr månad. Evt endringar i drifta/avtalen mellom oss og barnehagen må gjerast seinare. Me har våre ønskje om endringar og barnehagen har sine, og då må me prøva å bli gjera det beste ut av det, for begge partar.

4. Stordmeisterskapen står for døra, og me må få opp lister for påmelding. Det må også vera høve til å melda seg på via e-post og tlf. Inntil vidare tek Luis seg av arrangementet. Me tek sikte på ei meir effektiv avvikling av meisterskapen i år.

Referat: Hans Simon


collect comics

Powered by Plone CMS, the Open Source Content Management System

This site conforms to the following standards: