Styremøte 7.mai
Kort referat
Styremøte i klubbhuset fredag 7.mai kl 1800
Desse møtte: Luis, Ron, Bjarte, Kristoffer, Hans Simon og Bjørn.
Saker:
Rekneskapen for 2009 er no revidert og funne i orden. Overskotet er på vel 16 tusen, og våre aktiva/plasseringar er i overkant av kr 230 tusen. Me har altså ein solid økonomi ut frå DAGENS aktivitetsnivå og ambisjonar.
Elles kunne Ron gje oss ein "gladnyheit"; me har fått kr 10 tusen frå Fokus Bank til såkalla breiddeidrett/tiltak for barn, noko som kjem godt med. Ein stor takk til Ron som skreiv søknaden!
Så hadde me ein lang og god drøfting av spørsmål i samband med klubbhuset og barnehagedrifta. Mange ulike alternativ er mogelege, og me ventar på utspel frå barnehagen vedrørande ønskje om modernisering/oppussing. Her må me sjå på kostnader og tenkja langsiktig.
Så vart hallprosjektet presentert av Luis og Kristoffer, som nyleg har vore i Polen og fått god innføring i kva dette inneber. Det ser både spennande og høgst gjennomførbart ut, teknisk og økonomisk. Me ønskjer å få representant for det polske firmaet til Stord snarast, for grundig synfaring av anlegget. Dokumentasjon må liggja føre på norsk eller i alle fall engelsk.
Referent: Hans Simon
